page view image

VIKING_DEATH_TRAP.EXE

EVENT INFORMATION
event image

VIKING_DEATH_TRAP.EXE


CC: 250/275
ID: 20, 18 med gyldig studentbevis

-----------------------


VIKING_DEATH_TRAP.EXE 
er eit veksande og mildt sagt enigmatisk undergrunnsfenomen
frå Molde: det er ekstrem-trap på romsdalsk med eit lydbilete, tekstunivers og liveshow
heilt utan sidestykke her til lands.
Den maskerte trapduoen har ein ekstremt lojal og ivrig tilhøyrarskare, og konsertane er
kjende for å være ein lang, konstant moshpit. Ofte med frontfiguren EGO_JESUS
skrikande midt i malstrømmen av elleville konsertgjengarar.
Med eigenprodusert AV-kunst som bakteppe er VIKING_DEATH_TRAP.EXE ei ‘in your
face’ konsertoppleving du seint vil gløyme. Ikkje bli overraska om det føregår live BDSM
på scena, heller. Ja, du leste rett. DEI_SOM_VEIT,_VEIT.
Etter to år med pandemi er gruppa i skrivande stund på sin fyrste turné i Noreg. Og det
eksisterar liten tvil om at VIKING_DEATH_TRAP.EXE har sementert seg som ein av dei
verkeleg spanande live-actsa her til lands. Gruppa avslutta by:Larm i 2020 og samtlege
konsertar sidan har solgt ut (1 x Revolver Oslo, 2 x Blå i Oslo, 2 x UKA i Trondheim, 1 x
Dattera til Hagen i Oslo).
hulen
hulenbergen
konsert
konsertbergen
student
studentbergen

Restrictions

For å kunne delta på arrangementet må den som skal bruke billetten være 20 år, eller 18 år med studentbevis.

Waiver

Billett kan kun refunderes ved avlyst konsert.